Ny restaurantdrift i Pikant-lokala i 2020

Ei gruppe lokale investorar gjekk på tampen av 2019 saman i Sunnfjord Restaurantdrift AS for å utvikle ny restaurantdrift i dei unike Pikant-lokala ved elvebreidda til Jølstra.

Målsettinga er å skape ein restaurant med fokus på kvalitet og den gode matopplevinga, i ein folkeleg og god atmosfære.

Vi gler oss over at vi i februar kunne tilsetje Per Otto Huseklepp som dagleg leiar, og Thomas Holme Smådal som kjøkkensjef.

Vi set stor pris på interessa kring nye Pikant, og får naturleg nok mykje spørsmål m.a. om kor tid vi opnar. Men det er mange detaljar som endå må på plass før vi kan setje ein dato (produksjon/leveranse av innreiing/kjøkken, skjenkeløyve, tilsetningsdatoar m.m.). Alt er under kontroll, men ting tek tid. Det mest realistiske målet er derfor opning etter påske, dvs. midten av april.

Vi lovar at så snart vi har fastsett ein endeleg opningsdato, og opnar for bestillingar, så melder vi frå her på nettsida, på Facebook og gjennom nyheitsbrevet som du kan abonnere på.

Takk for tolmodet, gode ven av Pikant. Vi lovar at ventetida vil vere verdt det.

Venleg helsing
styret i Sunnfjord Restaurantdrift AS

Kontaktinfo:

Sunnfjord Restaurantdrift AS
Hafstadvegen 31A
6800 Førde

post@pikant.no


Dagleg leiar
Per Otto Huseklepp
poh@pikant.no

Kjøkkensjef
Thomas Holme Smådal
ths@pikant.no