Ønskjer du å jobbe hos oss? Det hadde vore stas! Sjå om du finn nokon høveleg nedanfor og send oss nokre ord.

Pikant mat- og vinhus starta i juni 2020 ved elvebreidda til Jølstra i Førde. Her kan gjestane nyte god mat og drikke med flott utsikt i to etasjar. Nede held restauranten til, og i 2. etasje finn du Pikant BAR. Med eit godt utval i drikkemenyen, og ein matmeny som vert forma etter sesong og kva råvarer som er tilgjengelege, satsar vi på å ha noko som alle ganar kan godte seg med. Vi ønskjer at våre tilsette skal reflektere fokuset vårt på atmosfære, kvalitet på råvarer, god formidling og service.