Pikant mat- og vinhus

Kjem våren 2020

Ei gruppe lokale investorar har gått saman for å utvikle ny restaurantdrift i dei unike Pikant-lokala ved elvebreidda til Jølstra. Målsettinga er å skape ein restaurant med fokus på kvalitet og den gode matopplevinga, i ein folkeleg og god atmosfære.

Det er mange detaljar som endå må på plass før vi kan setje ein opningsdato, og  det mest realistiske målet er opning etter påske, dvs. midten av april 2020.

Vi lovar at så snart vi har fastsett ein endeleg opningsdato, og opnar for bestillingar, så melder vi frå her på nettsida, på Facebook og gjennom nyheitsbrevet som du kan abonnere på.

Takk for tolmodet, gode ven av Pikant. Vi lovar at ventetida vil vere verdt det.

Få siste nytt om Pikant

Viss du fyller inn epostadressa di nedanfor, så sender vi deg ei oppdatering når det skjer noko vi trur du kan ha interesse av som framtidig gjest på Pikant – mat- og vinhus. Vi lovar å ikkje spamme deg, og du kan melde deg av kor tid som helst.

Følg oss gjerne på sosiale medier også: